mandag 13. juni 2011

Kvar er dei?

Klokka seks i dagtidleg stod eg utanfor døra. Ein kveld på byen hadde blitt til ei natt i byen og omegn, akkurat slik eg likar det.


Men so stod eg altso utanfor døra. Eg rota nedi veska, men verken høyrde klirringa av eller kjende nøklane. WHAT!? Dei hadde rømt! Etter nokre minutt med tenking ("Skal eg campe i hagen? Skal eg ta drosje tilbake til byen? Skal eg ringe Kristine...eller Marita?") enda det med at eg ringde Kristine. Ho vart ikkje sur, men slapp meg inn i varmen. Eg dreit i nøklane og la meg til å sove.

Brått ringde huseigaren og vekte meg. Han avslutta ein 10min-samtale med: "Ja, og nøklene...ka gjør dåkkår me di?"

Ææ, jaa...nøklane legg vi her, slik de enkelt finn dei når de kjem. Jepp, akkurat det gjer vi.


Då eg gjekk gjennom Haukelandstunellen tidlegare i dag tok eg meg sjølv i å tenke på taggarane. Kvar er dei? Eg føler at kvar dag er der fleire nye teikningar. Eg har gått gjennom tunellen til alle døgnets tider, men aldri sett so mykje som ei lita spraykanne. I løpet av desse to åra eg har trava tunellen har eg faktisk fått meg nokre favoritteikningar. Det var ganske seint i dag. Eg har eigentleg fått streng beskjed om å ikkje gå der aleine, men eg orka ikkje tanken på å gå 500 meter ekstra. Dessverre klarde eg ikkje å ta bilete av desse mesterverka, for eg hadde ein bunnprispose med spekeskinke i i den eine handa og knua på ein nøkkel med den andre. Ja, det var forresten husnøkkelen. Den hadde overnatta på utestaden. I alle fall, nøkkelen hadde eg tenkt å bruke til våpen i tilfelle nokon skulle prøve seg. So då hadde eg rett og slett ikkje nok hender til å fotografere. Dersom eg rekk det skal eg ta meg ei runde i tunellen i morgon. Der er mykje interessant.

No skal eg spele minesveiper. God natt.

fredag 10. juni 2011

Eg angra.

Eg kan ikkje slette bloggen for godt. Berre oppdatere sjeldnare. Ikkje at eg nokon gong har vore kjempeaktiv, det får dei verkelege bloggarane ta seg av.

Som eg skreiv på Facebook tidlegare, går vi no inn i siste veka i Bergen. RART. Eg har alltid vore klar for å flytte frå Bergen. Eller, alltid og alltid, fru Blom. Men i alle fall det siste året. Grunnane er mange, men at regnet spelar ei rolle er ikkje til å stikke under ein stol.

No skal eg i alle fall prøve meg som sjukepleiar på medisinsk sengepost ved Volda sjukehus. Eg har faktisk aldri vore på medisinsk i Noreg, sidan eg tok den praksisen i Australia. Der var eg to veker på hjertemedisinsk. Volda sjukehus har ikkje spesialiserte avdelingar, så eg kjem sikkert til å møte på mykje forskjellig i løpet av tida mi der. Det blir bra. Etter sommarferien går ferda vidare til Oslo. Der har eg bestemt meg for å ikkje vere kresen på arbeid, men å ta det fyrste og "beste" eg finn. Målet er som for så mange andre nyutdanna sjukepleiarar å få seg jobb på sjukehus. Men berre for å halde ved like og utvikle prosedyreferdigheitene mine. For inst inne trur eg at eg vil bli psykiatrisk sjukepleiar. Eit svært viktig, spanande og interessant felt!

MEEEEN. Det eg aller, aller, aller mest i heeeile verda har lyst til er å reise. Reise langt vekk, lengst vekk. Gran Canaria er ikkje nok. Eg må sjå alle verdsdelane før eg tek farvel. Eg manglar Nord- og Sør-Amerika og Afrika. I tillegg må eg til India, Vietnam (igjen), Kina, Nepal og Indonesia, og til Vanuatu i Oseania. Tida går fort! Målet er at eg kjem meg til India (i alle fall) i løpet av det neste året. Og til mi store glede vart det nettopp føreslått av jentegjengen å ta julehandelen eller å feire nyttårsafta i New York, det hadde vore fantastisk. Plutseleg utviklar dette seg til ein reiseblogg, det skal ikkje du sjå vekk i frå. Det beste hadde vore om eg fekk meg ei slik stilling (no snakkar vi jobb igjen altso) der eg har mykje fri (til å reise), men samstundes tener nok (til å leige leiligheit OG reise - langt).

Solnedgang på South Sea Island, Fiji

Ei veke igjen ja. Ei veke der eg må gjere mest mogleg. Vi startar med Brann - Sogndal. Den fyrste Brannkampen nokon gong. Flaut. Eg heiar sjølvsagt på Sogndal.

Hade!