søndag 29. mai 2011

Det kriblar i magen.

TIDENES KRIBLING I MAGEN. Å fullføre eit svangerskap (ja, 9 mnd.) med skriving kan samanlignast med å køyre Thundercoaster (i regn) og kjensla av å ete ein perfekt Mc Flurry med daim. Eg vil berre hoppe opp og ned! Heile tida. Høyre på Dynamite, og synge og rope "Hipp, hipp, HURRA!". Enda er ikkje oppgåva levert, men eg begynner å bli meir og meir tilfreds med den Det er framleis mykje eg kan skrive, til meir eg les om stoffet, til meir vil eg ta med. Ein gong må det derimot stoppe. Eg trur eg er der no. Det er i ferd med å stoppe.

I kveld starta vi på Pirates of the Caribbean-maraton. Men ikkje søren om vi orkar å sjå alt på 1-2-3, so vi fordeler det på tre dagar. So maraton og maraton, fru Blom. Uansett, når eg vert stor vil eg jobbe på eit sjørøvarskip, reise frå land til land, plyndre og slost, og vere sjukepleiar for piratane mine. Inntil vidare skal eg jobbe som vanleg sjukepleiar. Vi tek alt på sikt.

SO fornøgde (arkivfoto)

God natt! :-)

tirsdag 24. mai 2011

Kanskje kan de lære dykk noko de og.

I gårkveld fekk eg ei streng melding frå ein rasande lærar:

"Godt å høyre at du e klar over at dokke e ut på nynorsk. De/dykk ska du få lære dej no:
1. De=subjektsform.
2. Dykk=objektsform.
So for å klare ditta må du kunne forskjell på subjekt og objekt. Det kan du sikkert, men ofte kan det verte feil. Tenk slik: bytt ut de/dykk med deg/du i setninga.
Du=subjekt=de
Deg=objekt=dykk:

Du skal skrive: skal dere ut og klippe dere? (her e ho på bokmål ja).
Vi bruka du og deg:
Skal du ut og klippe deg?
Med de/dykk verte det då:
Skal de ut og klippe dykk?"

Slik, no veit vi det. Elles kan eg melde om at det fyrste "No har eg lært"-innlegget vert avlyst. Det ser ut som at eg må finne ein betre kanal enn NG sidan dei sender ein serie om Ross Correctional Institution, eit fengsel i Ohio, heile tida. I dag fekk eg høyre om gjengkulturen som rår der. Men det var så kjedeleg at eg skifta til Ellen. For dei spesielt interesserte: serien heiter Hard Time (http://channel.nationalgeographic.com/series/hard-time/4771/Photos#tab-Photos/3).

Eg vert deprimert av langtidsvarslinga til Yr, takk og lov for at Storm finst. I morgon skal eg kjøpe regnbukse. Paraply boikottar eg inntil vidare.

mandag 23. mai 2011

No bør eg eigentleg drive med litteratursøk.

Derfor passar det godt med eit nytt blogginnlegg!

Eg skal starte ein ny leik. Når eg er på treningssenteret skal eg lære meg noko nytt. Korleis får eg til dette? Jau, ved å BERRE sjå på National Geographic (eg ser på dette som den mest informative kanalen dei har der) medan eg er på mølla. Ikkje Ellen, ikkje Friends, ikkje The Office. Berre NG. Eg har prøvd å "brife" med "like painting the Forth Bridge"-uttrykket mitt, dette lærde eg ein kald vinterdag på Alrek. Forth Bridge er ei STOR stålbru i Skottland. Å male denne brua er eit så tidkrevande arbeid at når dei fyrst er ferdige er det berre å starte på nytt. So om arbeid som aldri tek slutt kan ein seie at det er "just like painting the Forth Bridge". Litt kult å briljere med dette når ein er på tur til London eller liknande?? Jada, eg kunne likso godt ha googla dette, men det har eg altso ikkje gjort. Dette har eg LÆRT.

Elles har eg lært at Trivial Pursuit kjem frå Canada. Då braut eg derimot reglane og såg på ein annan kanal enn NG, men jammen lærde eg ikkje noko då óg! Men frå no av er det berre NG som tel.

So neste innlegg vert eit "no har eg lært..."-innlegg. GLED DOKKE, FRENDAR! Kanskje kan dokke lære noko dokke óg. Eg er fullt klar over at det ikkje er lovleg å skrive "dokke" på nynorsk, men eg er so usikker på dette de/dykk-hendelset. Eg torer rett og slett ikkje å prøve. Snart er det sikkert lovleg å skrive dokk/dokker, so då blir det vel lovleg med dokke óg, etter kvart. Eg ligg rett og slett ti steg framom.

No drikk eg kald te. Det fungerer bra med London Fruit & Herb Company sin grønne te med diverse frukt og bær. Linda meiner den luktar kattetiss, og eg er delvis einig. Men HEY, den er god for kroppen og kattetiss-lukta kan ein leve med. Då eg var i Australia leitte eg Brisbane rundt etter den. Eg var innom ALLE spesialbutikker som fanst og spurde alle eg kjende. Men nei. Mamma ville vere grei og sendte ein pakke i posten, men takka vere den strenge tollen i Australia var det berre kortet med den då litt tergande teksta "Ein liten smak av Europa" som kom fram. Hmrf! No har vi det altso bra, teen og eg.

Det var alt for i dag. No skal eg kose meg med databasane Cinahl, Svemed, Amed, British Nursing Index osv. Søkeorda for i dag er:
- dementia (sjølvsagt)
- meals
- food
- nutrition
- next of kin
- family
- institution
Eg vil nemleg sjå om det å ha pårørande til stades under måltida på institusjonen gir reaksjonar - positive eller negative. So om dokke har litt tid til overs prøv Google Scholar for meg! Det hadde vore flott. :)


Eg gler meg til sommar og dette:



Takk for meg - over!

lørdag 21. mai 2011

Sekunda tikka, minutta går.

High five for bacheloroppgåva som er eit evigheitsprosjekt.
Just like painting the Forth Bridge.



Eg rundar av (sidan eg har starta noko liksom...) med ei uferdig spotifyliste:  BtotheLOGG . Virkar det? Ja, so visst. Flott. Skal seie eg har vorte ruttis på blogg. Må vere sopass. Eg vert ALDRI lei av Hjerteknuser og elskar at det kjem fleire og fleire versjonar. Skal lage min eigen snart, so stay tuned! Den kjem sjølvsagt fyrst på bloggen.

No oppdaga eg at det er lov å skrive "so" istadenfor "så" på nynorsk. No vart eg glad. For det er so utruleg feil å skrive "så". Dette skal eigentleg ikkje vere midtstilt, men eg får ikkje til å endre det. Blogspot er nok ikkje perfekt. Alle har feil. Litt kjedeleg at det skal gå ut over layouten her då.

Ja, no må det sovast. I morgon ventar ein lang dag med historisk-filosofiske essay. Å gru kor eg gler meg!

Snakkes bloggen! 


onsdag 18. mai 2011

Can I take a photo of you?

OF COURSE you can!

Eg kan ikkje telje på ei hand, knapt på to, antal gongar det spørsmålet vart stilt oss i går. Er det rart når ein "er" ein Sunnmørsbunad, ein Sognebunad, ein Rogalandsbunad, ein Aust-Agderbunad og ein Bergensbunad? Så no finst vi på digitalkamera spreidd rundt om kring i verda. Beeerre kjekt! Så at eg brukte svarte strømper gjorde ingenting, eg var meir poppis enn nokon gong. Derimot laug eg då eg sa eg hadde ein komplett bunad. Klokka 08:00 fekk mamma ein sint SMS: Mansjettknappa!!????? Alt var sjølvsagt hennar feil. Eg kunne ikkje sjekke at alt var i orden i god tid før 17. mai. 30 minutt seinare fekk ho denne MMSen:

 Alt ordna sej med sikkerheitsnåle!


Fleire bilete frå den FINE dagen:

 Skikkelig 17. mai-frukost. Og flagg i vindauget - seff!

Dei bytta vekk norskeflagget mot ein Brasilduk. Kjempefornøgd turist, ikkje SÅ fornøgd Rogalending...


"Ja, vi elsker" var bytta ut med pan-fløyte og indianderrytmer. Eg seier ingenting...

Vi fekk sjå tog. I ein time eller to. Laaangt tog. Så kom regnet.

I natt sov eg som ein stein. Fullstendig tappa etter ein lang 17. mai. Sambuarane mine tvinga meg til å stå opp før sola, og det har vel aldri skjedd på ein 17. mai før. Vi skulle rekke og ete ein betre frukost. Greit nok det. 

Oppgåva er avslutta for no. I morgon ventar J.B. og siste vegleiingstime. Mine to pårørande er påmeldt årets avslutningsseremoni. Autorisasjonsbehandlinga er betalt. Sumarjobben er i boks. Eg er snart klar!
Spææne. Pis aot!

mandag 16. mai 2011

No er det gjort.

"Ej vil helder døø enn å bruke svarte strømpebukse til bunaden", ropte eg til Marita, den eine sambuaren min. Det var to dagar til 17. mai og eg skulle bruke bunad for fyrste gong på to år. Eg hadde gløymt igjen lomma til bunaden heime, så mamma måtte sende den i posten. Nokre dagar seinare kom ho på at eg hadde gløymt bunadskona òg, so då måtte ho til posten igjen. Ei veke og 500 kroner seinare hadde eg ein komplett bunad. Det einaste som mangla var dei raude strømpene. "Men det selge dei no på alle butikka", sa mi kjære mor.

FEIL. Ingen butikkar i Bergen sel raude strømper. INGEN. Etter å ha saumfart alle Cubusane, alle H&Mane, alle Lindexane og alle Kappahlane måtte eg bite i det sure eplet. Æsj.


For dei uvitne:
Raud = Ugift
Svart = Gift 

Jaja. Eg får vere fornøgd så lenge han passar! Herlighet. Så dersom det vert publisert bilete av meg UTAN bunad frå 17. mai veit dokke kva det betyr...

Ellers. 7888 ord. Nei, ikkje på bloggen, på oppgåva!


Helsing Brann & Oda 

lørdag 14. mai 2011

Dei siste dagane med bachelorskriving i bilete:

Veka starta med ein fantastisk tur over Vidden med soft is-avslutning på Fløyen. Årets fyrste.


 Deretter rigga eg meg til på Bergen sin flottaste altan. Legg merke til faglitteraturen. Den måtte eg diverre flytte til stova etterkvart, då eg var redd for at omslaget skulle smelte.


 Forsov meg til skule. Møtte opp ein time for seint og fekk is i premie.


Sidan eg har hatt ein aukande tendens til å slå av alarm 1 i søvne, måtte eg ty til ein alarm nr. 2. Her er eit døme. 


Tomt for dopapir. Kva gjer vel det når ein har fått eit årsforbruk i Kleenex i innflyttingsgåve? 


 Tegn på at eg har vorte vaksen: Eg sparar ikkje lengre det beste til slutt.


Nei, dette er ikkje abstrakt kunst. Dette er Bergensregn via skråtak-vindauget mitt på dyna mi.

Takk for no. 

lørdag 7. mai 2011

Tid for bachelor...

...derfor laga eg meg ein blogg. Det vil seie, eg har hatt fleire før, så eg er langt i frå ny i gamet.

Når ein skal skrive bachelor vil ein helst gjere alt anna. Å blogge verka meir morosamt enn å vaske, rydde, og slike huslege ting som mine medstudentar driv med. Så her kjem ein blogg. "Lite Om Lite" er tittelen. Det høvar bra.



Bachelorlitteratur.